Folk dance in Hordaland
Vil styrkja tradisjonsdansen
Dansesatsinga til Hardingfela.no, Folkedans i Hordaland, har som mål å styrka vilkåra for tradisjonsdansen i Hordaland. Musikken spela på hardingfela var i hovudsak dansemusikk. Dansen stod mykje sterkare i samfunnet i tidlegare tider, og det vart dansa i alt frå bryllaup til gravøl. Det vert framleis dansa tradisjonsdans i dag og vi vil halda levande denne immaterielle kulturarven gjennom å ta vare på, dyrka og vidareutvikla tradisjonsdansen gjennom bruk.
Med dansesatsinga ynskjer vi å auka interessa og forståinga for dansearven vår, blant anna gjennom å tenkja nytt omkring formidling og rekruttering. I tillegg til å skapa nye møtestader og tiltak for å styrka dansen, ynskjer vi også å bygga opp under og styrka den aktiviteten som finnast. Vi samarbeider difor med alle lokale lag, ressurspersonar og lokalmiljø som ynskjer å samarbeide om aktivitetar og tiltak som kan vera med på å gje dansen eit lyft.
Her kan du lesa forprosjektrapporten som vart sendt inn til Hordaland fylkeskommune ilag med søknad om den treårige satsinga (2017-2019):
Folkedans i Hordaland
Folkedans i Hordaland er finansiert av Hordaland Fylkeskommune.