Om hardingfela.no

Eit samarbeid mellom mange

Hardingfela.no set fokuset på hardingfela som instrument og musikken, dansen, miljøet og historikken knytt til instrumentet. Eit grundig førearbeid gjennom fleire år initierte ei samarbeidsavtale mellom Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum i 2016 om å eige satsinga hardingfela.no saman. Lokale spel- og dansarlag, kulturskular og andre ressurspersonar er viktige i satsinga, og hardingfela.no sine samarbeidspartnarar vert fleire og fleire.

 Hovudmåla med prosjektet er:

– å gje hardingfelemiljøet gode vekstvilkår.

– auke interessa og forståinga for hardingfela, folkemusikken og folkedansen lokalt, regionalt og nasjonalt, samt å bringa tradisjonsmusikken og tradisjonsdansen ut i verda til eit stort publikum.

– å sikra at tradisjonar og handlingsboren kunnskap kring instrumentbygging, musikk og dans vert dokumentert og vidareført.

Frå og med 2017 har hardingfela.no fått driftsstønad frå Hordaland Fylkeskommune. Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss Museum bidreg økonomisk på lik linje som driftsmidlane, samt monaleg i personalressursar.

Rådet for hardingfela.no har møte to gonger i året og består av representantar frå: Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Hordaland Folkemusikklag, Hordaland Ungdomslag , Hordaland Fylkeskommune, Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss Museum.

 

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954 E-post: rannveig@olebull.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardingfela.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15
X