Fordjuping i folkemusikk og dans
Der tradisjonslinene førast vidare
Fordjupingssamlingane er retta mot ungdom i Vestland i alderen 13-19 år. Deltakarane må halde eit visst teknisk nivå i sin disiplin, og i tillegg vere opne for å ta inn nye inntrykk og arbeidsmetodar. Lærarane på samlingane er faste, og planlegg for fagleg og personleg utvikling. Det er er viktig at deltakarane kjem godt førebudde på samling. Det er med andre ord forventa at ein legg nod noko arbeid med materialet som vert jobba med på samlingane også i den vanlige undervisninga i kulturskulen/spelemannslaget.
Om du får plass på fordjuping i folkemusikk og folkedans er det obligatorisk å møte på samlingane.
Lærarar på prosjektet:
Johanne L. Mjøs (hardingfele)
Maria S. Toppe (hardingfele)
Silja Solvang Fotland (dans)
Vegard Hansen (toradar/trekkspel)
På desse helgesamlingane vil du som musikar jobba med :
– Samspel i større og mindre grupper
– Innlæring av ferdige arrangement / vera med å laga eigne arrangement
– Læra og forstå skilje mellom hovudgruppene bygdedans og runddans
– Kjenna att musikk og dans innan runddans og bygdedans på Vestlandet
– Samspel mellom musikar og dansar
Som dansar vil du jobba med:
– Læra og forstå skilje mellom hovudgruppene Bygdedans og runddans
– Kjenna att musikk og dans innan runddans og bygdedans på Vestlandet
– Læra eit breiare utval av dansar og kjenna dei att ut frå musikken
– Læra å nytta musikken til å skapa variasjon i dansen