– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Dansedriv

Eit steg i tradisjonen – eit steg for framtida

Regionen vår har ein rik kulturtradisjon, og dans er ein viktig del av dette. Dansedriv  tek sikte på å fremje dansekunsten i lokalsamfunnet ved å tilby eit variert program av danseaktiviteter. Dette prosjektet vil ikkje berre styrke danseferdigheit, men også byggje fellesskap og samarbeid mellom deltakarar i ulike aldrar.

Gjennom helgekurs og danseøvingar i nærområdet vil vi sette søkelyset på folkedansen som omgir oss i Noreg i dag. Folkedans er både nasjonalt og lokalt. Dansedriv vil løfte fram dei lokale tradisjonsdansane som høyrer vestlandet til, og gjennom dette arbeidet stimulere til eit større dansemiljø både i lokalt og regionalt.

Prosjektet skal vere eit breddetilbod og famne om både øva dansarar som ønsker å fordjupe seg meir i enkelte tema, der deltakarane møtast i dansen på tvers av alder og erfaring. Øvingane vil bli tilpassa deltakarane som til ei kvar tid er aktive i prosjektet.  

Det vil bli leigd inn profesjonelle instruktørar med kompetanse i dei ulike dansetypane. Her vil det vere eit poeng å nytte både lokale dansarar med realkompetanse og lang fartstid i tillegg til profesjonelle folkedansarar. Prosjektet kan på denne måten også verke som eit bindeledd som kan knyte dansemiljøet enda tettare saman.