Felefylgje
Konsertar med dans, song og spel
Sidan 2016 har unge, lokale folkemusikarar vorte sendt ut på vegen i bygdene våre for å syne folkemusikken og -dansen til lokalsamfunnet og tilreisande. Dei fleste konsertane er i dei ulike museumstuna til Hardanger og Voss museum.
Målet er ikkje berre å tilby gode konsertopplevingar om sommaren, men òg å gje unge utøvarar meningsfulle sommarjobbar og verdifull erfaring i formidling.
Du kan oppleve desse artistane i dei ulike museumsavdelingane i juli:
Guro Bell Berge (Hardanger Fartøyvernsenter)
Martin Gjeraker Haug (Mølstertunet)
Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes (Hardanger Folkemuseum, Skredhaugen og Agatunet)
Alle bileta er tekne av Elisabeth Emmerhoff.