Nøringen

Kulturarv for dei minste

Prøveåret 2018/2019 er no over, og sluttrapporten kan du lesa her.
Nøringen fortset no i dei fleste kommunane som var med i prøveåret, og det er me særs
nøgde med!

 

Nøringen er eit unikt kulturskuletilbod for born mellom 4-6 år som hadde oppstart hausten 2018. Satsinga finn stad i alle 7 Hardangerkommunane.
Tema er kulturarv med tradisjonsmusikk og tradisjonsdans som den raude tråden. Borna får læra nokre lokale songar, læra å dansa litt, møta ulike spanande folkemusikkinstrument og oppleva kulturarven i sin kommune.

Det er plass til 12 born i ei undervisningsgruppe, og det er to lærarar per gruppe.

Eit samarbeid mellom kulturskulane i Hardanger og på Voss, Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Kvemmingen spel – og dansarlag og hardingfela.no

 

>>> Følg Nøringen på Facebook

 

Nøringen vart i 2018/2019 støtta av:
Norsk Kulturråd, FolkOrg/Dextra Musica, Rådet for folkemusikk og folkedans, Hardanger Kulturråd og Hardangerkommunane.


Alle foto: Ingerid Jordal

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact
Tel: +47 472 91 012 / +47 970 74 954
E-mail: rannveig@olebull.no
Office hours

Monday–Friday 9 AM–3 PM

Social media

Please follow us on Facebook and Instagram

X