Nøringen
Kulturarv for dei minste
Prøveåret 2018/2019 er no over, og sluttrapporten kan du lesa her.
Nøringen fortset no i dei fleste kommunane som var med i prøveåret, og det er me særs nøgde med!
Nøringen er eit unikt kulturskuletilbod for born mellom 4-6 år som hadde oppstart hausten 2018. Satsinga finn stad i alle 7 Hardangerkommunane.
Tema er kulturarv med tradisjonsmusikk og tradisjonsdans som den raude tråden. Borna får læra nokre lokale songar, læra å dansa litt, møta ulike spanande folkemusikkinstrument og oppleva kulturarven i sin kommune.
Det er plass til 12 born i ei undervisningsgruppe, og det er to lærarar per gruppe.
Eit samarbeid mellom kulturskulane i Hardanger og på Voss, Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Kvemmingen spel – og dansarlag og hardingfela.no
Nøringen vart i 2018/2019 støtta av:
Norsk Kulturråd, FolkOrg/Dextra Musica, Rådet for folkemusikk og folkedans, Hardanger Kulturråd og Hardangerkommunane.
Alle foto: Ingerid Jordal