– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Stein Urheim & Kosmolodiensemblet

tors17feb20:00Stein Urheim & KosmolodiensembletKULT-GITARIST MED ALL-STAR BAND!

Om arrangementet

BERGENSK KULT-GITARIST MED ALL-STAR BAND VITJAR KABUSO MED EI GOD BLANDING AV COUNTRY-ROCK, WORLD-JAZZ OG HERLEGE VESTKYSTVIBBAR!

Likar du Grateful Dead? Ry Cooder? John Coltrane? Då er denne konserten garantert noko for deg!

Her får du servert ei velkomponert blanding av Country-rock, world-jazz og pop-americana framført av kult-gitarist Stein Urheim saman med dei dyktige multi-instrumentalistane Hans Hulbækmo, Kåre Opheim og Ole Morten Vågan.

Stein Urheim er ein bergens-basert gitarist og komponist som har dukka opp i eit stadig aukande antal konstellasjonar dei siste åra. Han opererer i fleire forskjellige genrer og jobbar som studiomusikar med eit breitt utval av artistar.

Han har turnert og spela konsertar sidan midten av 90-talet, sluppe 7 album under eige namn, i tillegg til å bidra på meir enn 60 innspelingar med artistar og band som The Last Hurrah!, Erlend Apneseth, Gabriel Fliflet , Thea Hjelmeland og Hildo.

Frå 2011 til 2015 var han med på tre kritikarroste duo-album med songar og komponist Mari Kvien Brunvoll på Bugge Wesseltoft sitt plateselskap Jazzland.

Sidan 2012 har solo-albuma til Stein Urheim vore gitt ut på Hubro Music, eit plateselskap dedikert til den norske jazz og improvisasjons-scena.

Siste album, Downhill Uplift, kom i 2020. Ei blanding av sterke melodiar og smakfulle lagvise instrumenteringar vekkjer ei spanande akustisk verd der country-rock møter world-jazz og pirkar så vidt bort i ein slags pop-americana. Likar du Grateful Dead, Ry Cooder og John Coltrane så er dette noko for deg.

Til Kabuso 17.februar har han med seg musikarane frå denne plata, som består av ikkje mindre enn to trommeslagarar i form av perkusjonistane og multiinstrumentalistane Kåre Opheim og Hans Hulbøkmo, i tillegg til  kontrabassist Ole Morten Vågan.

Billettsal på nett, restbillettar i døra

BILLETTAR FINN DU HER