Piratar og kaperfart under Kristian Kvart
tors22okt19:00tors20:00Piratar og kaperfart under Kristian Kvart
Om arrangementet
Torsdag 22. oktober kjem historikar Marie Berger Nicolaysen frå UiT til Hardanger fartøyvernsenter for å fortelja om piratar og kaperar! Kristian 4. regjerte frå 1596-1648, i ei tid då Danmark-Noreg var
Om arrangementet
Torsdag 22. oktober kjem historikar Marie Berger Nicolaysen frå UiT til Hardanger fartøyvernsenter for å fortelja om piratar og kaperar!
Kristian 4. regjerte frå 1596-1648, i ei tid då Danmark-Noreg var ein av dei fire største sjøfartsnasjonane i Europa. Han var oppteken av å sikre herredømmet over dei nordlege farvatn, og sette mykje prestisje og pengar inn i ein sterk marine. Ei av hovudoppgåvene til flåten, som han vart kalla, var å patruljere i dansk-norske farvatn etter piratar og kaperar. Tida var også prega av mange krigar, og desse er bakgrunnsteppet piratane og kaperane opererer i.
Skiljet mellom piratar og kaperar var framleis diffust på denne tida, og mange kjøpmenn måtte ta høgde for å bli røva på havet. I føredraget vil vi få høyre kva som var forskjellen på ein pirat og ein kaper, kva flåten gjorde for å sikre farvatna, samt sjå på eit par døme på plyndringar av dansk-norske handelsskuter frå regjeringstida til Kristian Kvart.
Velkomen!
OBS: Begrensa antal grunna korona! Om du vil være heilt sikker på å få billett kan denne kjøpast i museumsbutikken innan føredraget!
Inngang kr 100 (i døra)
Open kafe og museumsbutikk.
Tid
(Torsdag) 19:00 - 20:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
>>> MELD DI INTERESSEProgram
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement