– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Felefylgje

Konsertar med dans, song og spel

Sidan 2016 har unge, lokale folkemusikarar vorte sendt ut på vegen i bygdene våre for å syne folkemusikken og -dansen til lokalsamfunnet og tilreisande. Dei fleste konsertane er i dei ulike museumstuna til Hardanger og Voss museum.

Målet er ikkje berre å tilby gode konsertopplevingar om sommaren, men òg å gje unge utøvarar meningsfulle sommarjobbar og verdifull erfaring i formidling.

Alle bileta er tekne av Ingerid Jordal.