Oldefars Dansemoves

Eit møte med tradisjonsdans frå arkivet

Tiltaket «Oldefars ‘dansemoves’» bygger både på møte med – og bruk av – arkiv og arkivmateriale. I tillegg vil tiltaket også bidra til å utforska identitet, historie og tradisjon, gjennom danse- og musikkvariasjonar i tradisjonsdans og tradisjonsmusikk.

Gjennom denne verkstaden ynskjer vi å formidla noko av det rike og verdifulle materiale frå Hordaland til born og unge, via refleksjon, utprøving og rørsle – gjennom involvering i, og bruk av arkivmateriale. Vi ynskjer vidare at deltakarane får teste ut og øve seg på å samle eige materiale av dans og musikk. På denne måten får dei også øve seg i å bruke eit anna sett med briller når dei til dømes opplev tradisjonsdans. I tillegg vil ei slik utfalding også kunna bidra til å sjå kultur og kulturarv generelt – med litt andre augo.

 

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardingfela.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15
Contact
Tel: +47 472 91 012 / +47 970 74 954
E-mail: rannveig@olebull.no
Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about activities at hardingfela.no

Office hours
Mondag–Friday 9 AM–3 PM
X