Master Class Hardanger

Å få læra av meistrane

Master Class Hardanger – Hardingfele

 Master Class Hardanger – hardingfele starta i 2013. Kriteria for å vera med er at ein er hardingfelespelar på 16 år eller meir. Inntil åtte heldige utvalde får tilbod om ti individuelle enkelttimar med hovudlærar Knut Hamre, ein av våre aller fremste utøvarar og pedagogar på hardingfele. I tillegg vert deltakarane inviterte med på to inspirerande helgesamlingar. Over 50 utøvarar har til no vore med på Master Class Hardanger – Hardingfele. Frå og med 2018 opna me opp for at også utøvarar på andre instrument kan søkje dersom dei ynskjer å ta eit djupdykk i tradisjonen som Knut Hamre representerer. Neste utlysing vert i juni 2019.

– Å læra spelet vidare til nye generasjonar er det viktigaste eg driv med. Men ofte kan kulturskuletimane kjennast for korte. I master class-programmet får me betre tid til å fordjupa oss i musikken. Det vert litt meir som på gamlemåten, då unge og gamle spelemenn sat i spelstovene og lærte av kvarandre – Knut Hamre

 Les meir om Knut Hamre her

 Fylg Master Class Hardanger på facebook her

Master Class Hardanger – vokal

 Master Class Hardanger – vokal starta i 2018, og vert lyst ut annakvart år. Hovudlærar her er Berit Opheim, ein av våre beste songarar og formidlar av norsk songtradisjon. Fem elevar frå ti timar kvar med Berit og tilbod om helgesamlingar. I Master Class Hardanger – Vokal ynskjer Berit å fokusera mest på songtradisjonane i områda Hardanger, Voss og Sogn.

Les meir om Berit Opheim her

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954 E-post: rannveig@olebull.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardingfela.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15
X