Baking i eldhuset
tys05jul(jul 5)11:30tys09aug(aug 9)14:30Baking i eldhusetNysteikte krotakarer
Om arrangementet
Kvar tysdag frå 5. juli til 9. august bakar me krotakaker i eldhuset i museumstunet, frå kl 11.30 – 14.30. Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen
Om arrangementet
Kvar tysdag frå 5. juli til 9. august bakar me krotakaker i eldhuset i museumstunet, frå kl 11.30 – 14.30.
Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Rutemønsteret på kakene kjem frå eit spesielt kjevle. Kakene er steik over ope eld. Ein kan nyta dei turre, som flatbrød, eller bløyta dei og ha på smør, sukker, prim eller saltmat. Kom og sjå dei røynde bakstekonene i aksjon! Du smaka på kakene, og kjøpa kaker direkte i eldhuset, eller i museumsbutikken.
På grunn av stor etterspurnad etter denne eksklusive vara har me avgrensa salet til maks 5 kaker per person ved kjøp i tunet, og maks 10 kaker pr pers ved førehandstinging. Tinging av krotakaker må gjerast innan sundagen før, på tlf: 47479884 eller e-post: [email protected]
Tid
Juli 5 (Tysdag) 11:30 - August 9 (Tysdag) 14:30(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement