Hardingfela.no på statsbudsjettet
Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet si fellessatsing for å styrka tradisjonane kring hardingfela er inne i framlegget til statsbudsjett med kr. 800 000 i faste driftsmidlar.
– Dette er særs gledeleg og ein stor dag for hardingfela.no, seier rektor ved Ole Bull Akademiet, Jo Asgeir Lie. – Me har jobba saman med Hardanger og Voss museum i fem år om ei felles satsing på folkemusikk og folkedans, og arbeidet gjev no synlege resultat gjennom rekruttering og gode tiltak. No kom me endeleg på statsbudsjettet. Det vil seia at me har økonomi til å fortsetja arbeidet.
Hardingfela.no har mange samarbeidspartar og har saman med desse fått i gang rekrutteringstiltak som Nøringen, Oldefars Dansemoves, UngOsa, Morgondagens felemakarar og sommarjobbar for unge utøvarar. Master Class Hardanger, kurs og nettverkssamlingar har vore ein del av prosjektportefylgja.
Folkedanssatsinga vår har også bidrege sterkt til at Bygda Dansar har kome til Hordaland.
Alt dette arbeidet kostar tid og pengar og søknaden til Staten var på 1,6 mill. kr. Hardingfela.no har dei seinare åra motteke 300 000 i driftsmidlar frå Vestland fylkeskommune. Hardingfela.no er difor ikkje fullfinansiert, men prosjektkoordinator Rannveig Djønne og prosjektleiar for folkedanssatsinga Magni Rosvold må framleis bruke av arbeidstida si på å søkja pengar.
– Å kome på statsbudsjettet med hardingfela.no er ei anerkjenning av det gode arbeidet som er gjort i hardingfela.no, og at me no har vore flinke til å synleggjera dette for politikarar og andre. Me er takksame for støtta, sjølv om me ikkje er heilt i mål. Det er absolutt ein styrke at to institusjonar som Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum slår i hop kompetansen sin innan folkemusikk og folkedans og dreg lasset saman, seier konstituert direktør ved Hardanger og Voss museum, Åsmund Kristiansen