Nytilsettingar i Bygda dansar Hordaland

Pressemelding frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans:

I september startar «Bygda dansar» opp i Hordaland. Me er glade for at det treårige prosjektet har tilsett to kompetente fagkonsulentar i dans: Magni Rosvold og Ulf-Arne Johanessen.

Magni har brei bakgrunn innan dansevitskap, musikk, psykologi, HRM, prosjektleiing, formidling og undervisning. Ho spelar også hardingfele og er A-klassedansar i dans hardingfele. I prosjektperioden tar ho del-permisjon frå fast stilling ved Hardingfela.no, Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum, der ho er prosjektleiar for dansesatsinga «Folkedans i Hordaland». Ho har bachelorgrad i dansevitskap og psykologi ved NTNU, eit år ved utøvarstudiet i tradisjonsdans, og master frå Copenhagen Business School. Ulf-Arne er dagleg leiar i Folkemusikkveka og har ein Cand.mag. ved UiO med mellomfag i musikkvitskap. Han er A-klassedansar i både halling og dans hardingfele. Han har brei erfaring som instruktør og utøvande dansar og musikar frå Rikskonsertene/DKS, dansekompaniet FRIKAR, og danse-/teateroppsetjingar i Noreg og utlandet. Begge har jobba mykje for og med ungdom, og dei gler seg til gjera ungdom kjende med sine lokale dansetradisjonar i samarbeid med prosjektkoordinator Stine Trondsdatter, som har bachelor i kulturleiing.

«Bygda dansar Hordaland» vert drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans og har total budsjettramme på 3,75 millionar kroner over prosjektperioden på 3 år. Det vert finansiert gjennom senteret sitt driftstilskot frå Kulturdepartementet og lokal delfinansiering frå fylkeskommunen på kr 450 000. Dansefagleg ansvarleg i prosjektet er førsteamanuensis Siri Mæland. Musikkfagleg ansvarleg i prosjektet er amanuensis Sjur Viken.

Hardingfela.no var i samarbeid med Hordaland Ungdomslag og Hordaland folkemusikklag lokal søkjar for prosjektet. Hardingfela.no er eigd av Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet. Lokal søkjar har jobba med forprosjekt og samordning før «Bygda dansar» starta. Dei har god oversikt over dei ulike aktørane og eldsjelene i fylket, og føreslår at desse brukast som «ambassadørar» for prosjektet.

Me gler oss stort til «Bygda dansar» startar opp, og har som mål at tradisjonsdansen får eit løft i Hordaland og regionen, seier Rannveig Djønne, som er kontaktperson for lokal søkjar. Me ser at fleire av «Bygda dansar»-deltakarane frå Sogn og Fjordane (det første prosjektet i 2001-2004) no er sentrale ressurspersonar i miljøet på vestlandet og elles i landet. Med innfasing av det nye fylket i 2020, kan «Bygda dansar Hordaland» bety mykje for det vidare arbeidet med dansen og musikken i fylket (Vestland) og regionen (vestlandet). Sogn og Fjordane vil inkluderast i prosjektet.

 

Previous

Next

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardingfela.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15
X