Utstillinga "Lov om land"
fre21junsun01sepUtstillinga "Lov om land"Om Landslova av 1274 - 750 år i år!
Om arrangementet
I 2024 er det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal markerast og jubilerast over heile landet! Denne banebrytande lovboka skulle stå
Om arrangementet
I 2024 er det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal markerast og jubilerast over heile landet! Denne banebrytande lovboka skulle stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, set me i høve jubileet opp utstillinga «Lov om land» – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova. Me har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her. I utstillinga vil me og syna, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv. Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret. Ho opnar 21.6, og kan sjåast alle dagar 11-17 til og med sundag 1.9.24. Etter Agatunet stengar for sesongen 1.9 vert ho tilgjengeleg etter avtale fram til sesongopning i mai 2025.
Agatunet var på denne tida heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjolvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny. Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og i den autentiske mellomalderkjellaren under gildehallen vert jubileumsutstillinga vår sett opp. Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljæ- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.
Utstillinga er støtta av Vestland fylkeskommune, Sparebanken vest og Ullensvang kommune.
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement