– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

oktober 2021

fre29okt(okt 29)17:00sun31(okt 31)14:00UngOsaStorkurs for barn og unge under Osafestivalen på Voss!

Om arrangementet

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa?
Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar?
Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!

Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 6.gong!
Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til 18 år til å bli med oss denne helga.

Gjennomgangstemaet for kurshelga er «Danseglede», og alle skal få lov til å anten spele, syngje eller danse til songen Danseglede.
Nytt av året er at det vert eit eige kurs i samspel med John Ole Morken som lærar.

Lærarane:
Lajla Renate Buer Storli og Kim Rysstad i kveding
Ingrid Schei Stuhaug, Maria Skjeldrum Toppe og Knut Hamre på hardingfele
Ole Nilssen og Ingvild Seilen på toradar
John Ole Morken på samspel*
Inga Myhr og Åsmund Nestås Øydvin på dans

*Samspelgruppa: for deltakarar frå 12-18 år, som har spelt ei stund.
Instrument: gitar, bass og hardingfele.
Ope for andre instrument også (t.d. toradar og trekkspel)

UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga og så vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!

Påmeldingsfrist 1. oktober!

Meld deg på her

Tid

29 (Fredag) 17:00 - 31 (Sundag) 14:00

Stad

Osafestivalen på Voss

Billettsal

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfAn07JX5SsSP7iuYYRziOF115bXmDl-bAFg0MyEd4fmnVqnA/viewform

Sjå dette arrangementet på Facebook

UngOsa 2021
Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact
Tel: +47 472 91 012 / +47 970 74 954
E-mail: rannveig@olebull.no
Office hours

Monday–Friday 9 AM–3 PM

Social media

Please follow us on Facebook and Instagram

X