Siderakademiet
fre04okt19:00SiderakademietSiderfestivalen i Hardanger
Om arrangementet
Velkomen til årets Siderakademi! I år som i fjor finn Siderakademiet stad i kaféen i Kabuso under Siderfestivalen i Hardanger. Fredagskvelden 4. oktober frå kl 19 og utover kan du
Om arrangementet
Velkomen til årets Siderakademi!
I år som i fjor finn Siderakademiet stad i kaféen i Kabuso under Siderfestivalen i Hardanger.
Fredagskvelden 4. oktober frå kl 19 og utover kan du tilbringa i selskap med sommelier Thomas Digervold, kjend frå TV-serien Fest i kjeften.
Digervold underheld med siderprat og -smak av lokal og internasjonal sider.
Saman med Fest i Kjeften, kjent fra bla Matkanalen, skal me denne kvelden kosa oss, varma opp til siderfestivalen og dykka ned i nokre utvalgde tema.
Sider i verden
Me smakar på sider frå ulike verdsdelar og bryggetradisjonar. Kva skil den spanske frå den franske?
Korleis smakar eigentleg ein ordentleg engelsk perry og kva i alle dagar er eigentlig bitter sider? Digervold har vald ut nokre gode eksempel og presenterar for oss.
Fra låven til polet
Tidlegare vinnar av amatørklassen, Joar Aga fra Aga Sideri, fortel om korleis han har klart å ta steget frå å laga sider på hobbybasis til no å ha produkt i hyllene på Vinmonopolet.
Sider før blanding
Visste du at dei fleste siderar er ei blanding av ulike epletypar, som vert fermenterte kvar for seg og så blandast til ein perfekt harmoni av smakar?
Denne kvelden får me mogelegheit til å smaka dei ulike epla kvar for seg og læra om korleis ein blandar til perfeksjon.
(Avhengig av at høstens produksjon går etter planen og sideren er klar til festivalen)
På smakingen med Fest i Kjeften og øl- og sidersommelier Thomas Digervold, får du nye og spennande smaksopplevingar, snodige historier og litt fakta.
Det krevst ingen forkunnskap, berre nysgjerrigheit. Det blir uformelt og lærerikt.
Thomas Digervold er utdanna ølsommelier ved Beverage Academy og har jobba med drikkevarer dei siste 15 åra i Bergen, Oslo og Tromsø, på plasser som Apollon Platebar, Kulturhuset Oslo og Store Norske Fiskecompani. Han held utselde smakinger landet rundt under konseptnavnet Fest i Kjeften.
«Fest i Kjeften har som prinsipp å fokusere på kvalitet over kvantitet og troen på at godt norsk håndtverk gir gode produkter og unike smaker, dette brenner vi for å vise frem!»
Anmeldelser av Fest i Kjeften på Facebook:
“Fest i kjeften er alltid en opplevelse utenom det vanlige. Når vi blir møtt av det alt fra sjokolade til gammelost sammensatt med de mest fantastiske drikkevarer, da blir det full jubel og stor stemning.Hvis du virkelig har lyst til å teste nye smaker og kombinasjoner, da anbefales Fest i Kjeften på det varmeste !”
Bjarte Handeland –5 av 5 stjerner
“Ost og ølsmaking i Snekkerbrakken med Thomas Digervold var helt super for ølklubben Humlene. Thomas er en livlig kunnskapsrik kar med morsomme kommentarer. Vi håper å få til en smaking til det var det stemning for
Ester Almenning – 5 av 5 stjerner
Tid
(Fredag) 19:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> Sikra deg billett her!Billettsal
https://onl.ticketco.events/no/nb/e/siderakademiet
Sjå dette arrangementet på Facebook
>>> Meld di interesse her!Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement