– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Røde Kors på sjøen

tors16sep19:00tors20:00Røde Kors på sjøen

Om arrangementet

16. september kl. 19.00 er det torsdagsføredrag på Hardanger fartøyvernsenter! Denne kvelden skal omhandle Røde Kors og den viktige jobben dei gjer på sjøen.

Me får besøk av frivillig i Røde Kors, Andreas Aldeholm, som skal fortelje om reelle hendingar, og me skal mellom anna også høyre om natta då fregatten «KNM Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden utanfor Bergen i 2018. Ein tragisk ulukke med eit omfattande etterspill.

«Røde Kors hjelper menneske i Norge og internasjonalt. Våre frivillige er til stades for menneske somtreng støtte og hjelp. Røde Kors har over 200 båtar i beredskap langs heile kysten, og 65 av landets 280 hjelpekorps har spesialisert seg på søk og redning på sjø og vatn.»

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Inngang kr 100,- (i døra)

Open kafé og museumsbutikk

Velkomen!

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE