Musea dansar
tys08des(des 8)10:00sun21mar(mar 21)15:00Musea dansarEi utstilling om dans i Noreg
Om arrangementet
NB! Opningsarrangementet som var planlagt 6.12.20 er utsett til
Om arrangementet
NB! Opningsarrangementet som var planlagt 6.12.20 er utsett til eit seinare høve, grunna dei skjerpa restriksjonane, men utstillinga vert sett opp og kan vitjast i museet si opningstid frå og med tysdag 8.12.20.
Opplev vandreutstillinga Musea danser i Storsalen på Hardanger folkemuseum!
Denne innhaldsrike og mangfaldige danseutstillinga gjev oss mogleigheit til å oppleva noko av dansens historie i Noreg, og dansen i Noreg i dag. Det vert og spedd på utstillinga med lokalt arkivmateriale frå kvar plass sine dansetradisjonar. I utstillinga møter ein gammeldans, springar, tango og swing, og nyinnvandra dansetradisjoner, jazzdans og samtidsdans.
Me danser til mange ulike former for musikk, og me danser av di det er kjekt og opplyftande, me danser for å vise oss fram, og me danser for å flørte. Dansen er kommunikasjon, den er ein del av sjølve livet og har vore det i alle tider og i alle kulturar. Danselokalet er ein fristad med eigne sosiale koder og reglar. Utstillingen vil synleggjera og opplysa om dansetradisjonar, oppmoda publikum til dialog kring den historiske konteksten dansene verkar i, og stimulere til refleksjon over dansens status og sosiale og kulturelle rolle i ulike tidsperioder i Noreg. Korleis, kvifor, kvar og kva tid vart og vert det dansa? Utstillinga kastar og ljos på korleis nye dansetradisjonar har funnet vegen inn i den norske konteksten.
Utstillinga er sett saman av ulike installasjonar og foto, og den levendegjerast med å invitera til deltaking på dansegolvet!
Musea danser er ei treårig vandreutstilling laga av Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim. Startskotet gjekk i 2019, og fyrste stoppestad var Voss Folkemuseum med opning under Vossa Jazz. Utstillinga skal totalt innom åtte museum i heile landet. Ho fekk ei ufrivillig pause ved utbrotet av koronapandemien, men no svingar ho seg att.
Kom og dans me oss!
Tid
Desember 8 (Tysdag) 10:00 - Mars 21 (Sundag) 15:00(GMT+00:00)
Program
Denne månaden
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement