Med Tveitt og Grieg på programmet
tors09jun19:00Med Tveitt og Grieg på programmetHardingtonar
Om arrangementet
Når songar Njål Sparbo og pianist Torgeir Kinne Solsvik inntek konsertsalen i Kabuso torsdag 9. juni kl 19 presenterer dei både velkjende og mindre kjende songar. Felles for songane på
Om arrangementet
Når songar Njål Sparbo og pianist Torgeir Kinne Solsvik inntek konsertsalen i Kabuso torsdag 9. juni kl 19 presenterer dei både velkjende og mindre kjende songar.
Felles for songane på repertoaret er at det er dikt som dei to tonekunstnarane Geirr Tveitt og Edvard Grieg har sett melodi til.
Geirr Tveitt sine 17 Bruheim-songar vart komponert hundre år etter Edvard Grieg sine 15 Vinje-songar. Begge er forankra i musikalske element som komponistane oppfatta som særnorsk. Trass avstanden i tid og dei ulike og særeigne tonespråka til dei to komponistane, inneheld begge song-samlingane filosofiske og til dels humoristiske refleksjonar kring menneskelivet og relasjonar. Det er tydeleg at både Edvard Grieg og Geirr Tveitt har lete seg inspirere av diktarane og «skreddersydd» komposisjonane til dikta slik at innhaldet i kvar song vert framheva i harmoniane, rytmane og i dei songbare melodiane.
Om utøvarane:
Njål Sparbo (f. 1964) studerte song med Jan Sødal, Aase Nordmo Løvberg og Ingrid Bjoner fram til debuten i Universitetets Aula i Oslo, 1991. Sparbo har han markert seg som ein av Noreg sine mest aktive og allsidige songarar, med eit repertoar som spenner over romanser, opera, kyrkjemusikk, tidleg musikk og samtidsmusikk. Sparbo har hatt solistengasjement med alle større kor og orkestre i Norge og har hatt konsertar over heile Europa, i Russland, Japan og USA. Han opptrer jamnleg på festivalar, operascener, i radio og fjernsyn og har over 30 plateinnspelingar bak seg. For tida Sparbo førsteamanuensis ved Griegakademiet i Bergen.
Torgeir Kinne Solsvik (f. 1979) kjem frå Vikøy i Hardanger og er utdanna pianist, kammermusikar og akkompagnatør frå Griegakademiet i Bergen (cand.mag) og Conservatorium of Music i Sydney (grad.dip). Han har mellom andre studert med Geir Botnen, Jan Hovden, Jiri Hlinka, Gerard Willems, Nikolai Evrov og David Miller.
Tidleg fordjuping i Grieg og Tveitt sin musikk resulterte i eit dobbel-album på Vestnorsk plateselskap i 2001 beståande av Tveitt sitt op. 150 50 folketonar frå Hardanger og Grieg sitt op. 72 Slåtter. Med Tveitt-musikk på programmet har Solsvik spela konsertar i Tyskland, Østerrike, USA, Australia, Latvia, Russland, Sri-Lanka og Kina. I 2005 framførte Solsvik Tveitt sin 1. Klaverkonsert og i 2007 hadde han den musikalske hovudrolla i regissør Sondre Bjørgum sin dokumentarfilm om Geirr Tveitt, «Baldur`s Draumar».
Arr: Hardingtonar og Kabuso
Tid
(Torsdag) 19:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJøpProgram
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement