– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kvedarkurs: Balladar

lau09feb10:00lau17:00Kvedarkurs: Balladar

Om arrangementet

Øyonn Groven Myhren er mellom våre fremste folkemusikarar, og ho har vunne vokalklassa på Landskappleiken 3 gonger. Øyonn vaks opp i ein familie der balladetradisjonen framleis er ljos levande, og attåt har ho lært balladerepertoaret til kvedaren Hagny Huso (1932-2016) frå Vinje. Sidan tusenårsskiftet har ho hatt fleire større komposisjonsoppdrag, mellom anna dei kritikarroste førestillingane Nivelkinn og Runartromma.

Laurdag 9. februar tek Øyonn oss med inn i balladane si verd på Hardanger folkemuseum på Utne. Nærare timeplan vert lagt ut, men kurset varar frå kl. 10.00 til 17.00.

Pris kr. 750 inkl. Lunsj og kaffi/te undervegs, samt rabatt på konserten med Sogesong (Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren) kvelden før. Evt. overnatting må deltakarane ordna sjølve.

Aldersgrense 16 år, evt. yngre med forkunnskap innan kveding.

Påmelding til rannveig@olebull.no, tlf.nr. 47291012 innan 1.februar.

Kurset er eit samarbeid mellom Hardanger Folkemuseum og hardingfela.nobla bla

Tid

(Laurdag) 10:00 - 17:00(GMT+00:00)

Legg til kommentar