Kurs i holma- og hjartebringklut
lau28aug(aug 28)09:30sun29(aug 29)17:00Kurs i holma- og hjartebringklutSy din eigen bringklut
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy
Om arrangementet
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett.
Holmabringkluten har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Museet og husflidlaget sett opp fleire helgekurs i holmabringklut og hjartebringklut hausten 2021, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Dette kurset vert laurdag 28. og sundag 29. august. Kurset vert halde på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00.
Påmelding til [email protected] /474 79 884 innan 10. august 2021
For spørsmål, ta gjerne kontakt med Agnete Sivertsen, [email protected] /95934698
Pris: Kr 3000,- for medlem i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500 for ikkje-medlem. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.
Tid
28 (Laurdag) 09:30 - 29 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement