– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kurs hardangersaum

fre27sep(sep 27)09:30sun29(sep 29)14:00Kurs hardangersaumLær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger!

Om arrangementet

Hardanger folkemuseum inviterar til helgekurs i hardangersaum 27. – 29. september 2019. Kursa inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som en del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i hardangersaum. Lat våre kurslærarar ta deg med til hardangersaumens arnested, og syna deg saumens løyndomar.

Kurs i hardangersaum inkluderer tre dagars kurs med omvisingar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.

Tidspunkt
27. – 29. september 2019. Påmelding innan 15. september 2019.

Andre tidspunkt kan avtalast, me arrangerar kurs for grupper heile året.
Ved færre 5 påmeldte deltakarar kan kursa verta avlyste.

Prisar
Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon 6.690,-
Enkeltromstillegg 1.210,-
inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Alternativ utan overnatting
Kurs dagtid og lunsj tre dagar 2.900,-

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98,

Program hardangersaumkurs 2019

Tid

27 (Fredag) 09:30 - 29 (Sundag) 14:00(GMT+00:00)