Konsert Mari Skeie Ljones og Camilla Granlien
lau12sep16:00lau18:30Konsert Mari Skeie Ljones og Camilla GranlienKonsert i høve diktardagen
Om arrangementet
I samband med diktardagen vert det konsert med Mari Skeie Ljones (hardingfele) og Camilla Granlien (vokal). Mari Skeie Ljones er frå Jørstadmoen på Lillehammer, og spelar fele og hardingfele med basis
Om arrangementet
I samband med diktardagen vert det konsert med Mari Skeie Ljones (hardingfele) og Camilla Granlien (vokal).
Mari Skeie Ljones er frå Jørstadmoen på Lillehammer, og spelar fele og hardingfele med basis i slåttemusikken frå Gudbrandsdalen og Hardanger. I 2010 tok Mari eksamen i utøvende master på Norges Musikkhøgskole og har sidan det vore frilans musikar med base i Oslo.
Camilla Granlien er folkesongar og artist, busett på Lillehammer. Ho er utdanna master i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark og har fordjupa seg i songtradisjonen frå Gudbrandsdalen. Frå 1997 har ho jobba ved folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule og har hatt songelevar ved Norges musikkhøgskole. I dag er ho frilansmusikar og er aktiv både som soloartist og i samarbeid med ulike musikarar og kunstnarar både som songar, låtskrivar og forteljar. I 2008 fekk ho Kongepokalen for sitt arbeid med folkesong.
Arrangementet startar klokka 16 med nedlegging av diktertavla i tunet, deretter ei innleiing om årets diktar, Hilde Myklebust av Stein A. Hevrøy, før det vert konsert.
Billettar kr. 250/225.-
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling, med støtte frå Norsk kulturråd.
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Tid
(Laurdag) 16:00 - 18:30(GMT+00:00)
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>>KjøpSjå dette arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement