– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Helgekurs: hardangersaum

fre15sep(sep 15)09:30sun17(sep 17)17:00Helgekurs: hardangersaumLær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger!

Om arrangementet

 

Sy hardangersaum til forkle, skjorte og duk

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2023 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 15. – sundag 17. september, kl 09.30 – 17 alle dagar. Kurset inkluderer både omvising, individuell rettleiing og besøk på tekstilmagasinet, samt lunsj og kaffimat i tre dagar.

Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. På hardangersaumkurs får du læra dei grunnleggjande teknikkane, dei lure løysingane og dei lokale variantane. Etter ein god introduksjon vel du sjølv om du vil starta på kvitsaum til bunad, forklebord, eller kanskje ein duk eller løpar. Kursa passar både for dei heilt ferske og dei meir erfarne.

Tidspunkt og påmelding

Kurset går fredag 15. – sundag 17. september på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.

Påmelding innan 1. september 2023 til [email protected] /tlf 474 79 884

Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.

Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.

Prisar

4200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.

4700,- pr kurs for ikkje-medlemmar

Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.

Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Overnatting

Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på [email protected] og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no

Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, [email protected]

Andre kurs finn du her

Tid

15 (Fredag) 09:30 - 17 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)