Fagseminar: Energi for framtida – i Noreg og Europa
fre28mai08:30fre10:00Fagseminar: Energi for framtida – i Noreg og EuropaBerekraftverkstad
Om arrangementet
Bli med på Energi for framtida – i Noreg og Europa. Fagseminar organisert av Bergen Energy Lab (UiB). Diskusjonane går høgt omkring vindkraft på land, kraftkablar til utlandet og potensialet for
Om arrangementet
Bli med på Energi for framtida – i Noreg og Europa.
Fagseminar organisert av Bergen Energy Lab (UiB).
Diskusjonane går høgt omkring vindkraft på land, kraftkablar til utlandet og potensialet for meir norsk vasskraft.
Har ein ny fiende (vindkraft) gjort vasskraft meir akseptabel for folk? Bør hustaka i Kvam dekkjast med solcellepanel?
I Europa skjer ei stor omlegging til fornybar energiproduksjon, der solceller og vindkraft (både på land og til havs) spelar hovudrolla. Omlegginga er eit klimatiltak, men det er også andre gode grunnar for denne omlegginga. Me går inn på nokre av dei.
Me ser også på utviklinga i det norske kraftsystemet framover. Desentralisert kraftproduksjon er eitt utviklingstrekk, sterkare integrasjon i det europeiske kraftsystemet er eit anna.
Ope for alle med interesse for fornybar energi. Det er sett av god tid til spørsmål.
Bergen Energy Lab er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole, NORCE, Høgskulen på Vestlandet og fleire andre private og offentlege aktørar.
Hovudmålet er å dela kunnskap om fornybar energi og energiomstilling.
Fagseminaret er ein del av Berekraftverkstad i Kabuso og på Storeteigen bygdemuseum 26.-29.mai
Tid
(Fredag) 08:30 - 10:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement