Amber Ablett - Hvileåret
lau07okt(okt 7)00:00sun26nov(nov 26)00:00Amber Ablett - HvileåretUtstilling
Om arrangementet
Hausten 2023 kan du oppleva ein installasjon av Amber Ablett i foajeen i Kabuso. Installasjonen er sett saman av foto og tankekart, utdrag frå samtalar, bibliotek med bøker og essays,
Om arrangementet
Hausten 2023 kan du oppleva ein installasjon av Amber Ablett i foajeen i Kabuso.
Installasjonen er sett saman av foto og tankekart, utdrag frå samtalar, bibliotek med bøker og essays, samt eit miljø for ro og avslapping.
Opplev utstillinga i perioden 7. oktober- 26. november 2023
Om prosjektet Hvileåret: Hvile, vekst og aktivisme
Prosjektet er eit fleirårig, deltakande og kunstnarisk forskingsprosjekt leia av kunstnaren Amber Ablett. Prosjektet vart bestilt av Kunsthuset Kabuso og utvikla for Storeteigen bygdetun som ein stad for samling, felleskap, undersøking og kvile. Som forskingsprosjekt har Hvileåret sett søkelys på kvile innafor aktivisme, frigjering og sosialt arbeid og lagt til rette for workshops, lengre opphald for fagpersonar og kollektiv tenking.
Kvile vert ei handling av motstand i eit samfunn som kontant ignorerer, avviser, bagatelliserar og undertrykker erfaringar menneske har. For dei som kjempar for sin eksistens, er opplevinga av å bli overvelda og utmatta gjerne noko som gjer berekraftig handling umogleg.
Medforskarar i prosjektet:
Ro Averin (ho/henne), Equity and Social Justice Educator, konsulent og skribent
Eva Rowson (ho/henne), kunstnar, kurator og dagleg leiar i Bergen Kjøtt
Isak Bradley (han/han), kunstnar og styreleiar i Pasientorganisasjonene for kjønnsinkongruens
Vikram Kolmanskog (han/han), skribent, formidlar og professor i gestaltpsykoterapi
Tid
Oktober 7 (Laurdag) 00:00 - November 26 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement