Om hardingfela.no

Eit samarbeid mellom mange

Hardingfela.no set fokuset på hardingfela som instrument og musikken, dansen, miljøet og historikken knytt til instrumentet. Eit grundig førearbeid gjennom fleire år initierte ei samarbeidsavtale mellom Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum i 2016 om å eige satsinga hardingfela.no saman.
 
Lokale spel- og dansarlag, kulturskular og andre ressurspersonar er viktige i satsinga, og hardingfela.no sine samarbeidspartnarar vert fleire og fleire.

 

 Hovudmåla med prosjektet er:

  • å gje hardingfelemiljøet gode vekstvilkår
  • auke interessa og forståinga for hardingfela, folkemusikken og folkedansen lokalt, regionalt og nasjonalt, samt å bringa tradisjonsmusikken og tradisjonsdansen ut i verda til eit stort publikum
  • å sikra at tradisjonar og handlingsboren kunnskap kring instrumentbygging, musikk og dans vert dokumentert og vidareført.

 

Frå og med 2017 har hardingfela.no fått driftsstønad frå Hordaland fylkeskommune. Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum bidreg økonomisk på lik linje som driftsmidla, samt monaleg i personalressursar.

 

Rådet for hardingfela.no har møte to gonger i året og består av representantar frå:

Hardanger Spelemannslag
Voss Spelemannslag
Hordaland Folkemusikklag
Hordaland Ungdomslag
Hordaland fylkeskommune
Ole Bull Akademiet
Hardanger og Voss museum

 

Styringsdokument
Strategisk plan 2020-22

 
Årsmeldingar 

2018
2017

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact
Tel: +47 472 91 012 / +47 970 74 954
E-mail: rannveig@olebull.no
Office hours

Monday–Friday 9 AM–3 PM

Social media

Please follow us on Facebook and Instagram

X