Dansesamlingar

Dans for små og store

Om ditt lag eller lokalmiljø ynskjer å samla nye dansarar – gjerne barnehagelærarar, lærarar i skulen, eller andre som jobbar med born og unge – vil vi gjerne vera med å gje dykk tilbod om ei økt med spesielt fokus på bruk av dans i arbeid med born og unge. Ei slik øving med dette temaet kan vera nyttig og interessant for både dei som har dansa – og gjerne også instruert – ein del før, men det er også mogleg å delta for dei som ikkje har så mykje kjennskap til tradisjonsdans men er nyfikne på å læra meir.

Ta kontakt så finn vi eit opplegg som passar for dykk!

Møtestader for unge dansarar i fylket

Vi ynskjer å skapa møtestadar også for dei unge dansarane og musikarane i fylket, slik at dei kan få koma saman og spela og dansa ilag. Ein av dei større møteplassane vi skipar til er UngOsa . Elles skipar vi til mindre samlingar i samarbeid med lokale lag og miljø, der vi innviterar born og unge frå dei nærliggande miljøa til å musisera og dansa ilag og til sosialt samvær for å verta kjende.   

Døme på samarbeid i høve dansesamlingar

Dansens dagar pao Voss

Dansens dag vart oppretta av UNESCO i 1982 og vert feira rundt omkring i heile verda den 29. april, kvart år. Denne internasjonale dansedagen vert feira på tvers av kulturell, politisk og religiøs tilhøyrsle.

Hardingfela.no har gått ilag med Voss danseskule og andre lokale danseaktørar på Voss, som Voss spelemannslag, Voss ungdomslag og Voss swingklubb, og skipa til danseverkstader, framsyningar og dansefest den nærmaste helga i samband til denne dagen. Vi har også samarbeida med Voss kulturhus/ Biblioteket og Voss kino om arrangement og filmframsyningar.

Bli med under Dansens dagar – prøv ut ulik dans og finn ut at du likar det! Les meir her og fylg gjerne Dans pao Voss her

 

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardingfela.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15
X