– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ny basisutstilling frå 16. juni

Den nye basisutstillinga på Voss folkemuseum, Utsyn mot Voss, står ferdig til sesongopninga 16. juni. Utstillinga fortel historia om Voss dei siste 500 åra, og er eit resultat av mange års arbeid. Museet har henta fram mange godbitar frå samlingane sine, og har i tillegg lånt inn ei rekkje gjenstandar frå andre.

Utstillinga opnar med ein presentasjon av det gamle bondesamfunnet. På vegen vidare gjennom historia er der to store vendepunkt – opninga av Vossebanen i 1883, og den andre verdskrigen. I utstillinga vil du mellom anna møta mange enkeltpersonar som har prega lokalsamfunnet gjennom desse åra, du vil høyra opptak med mange av dei beste musikarane frå bygda, og du vil sjå filmar frå Ekstremsportveko. Det heile vert presentert på ein ryddig og innbydande måte, og utstillinga er laga av Bergens-firmaet Vill.

Mølstertunet har ope kvar dag frå 1. juni, klokka 11–16, medan samlingsbygget altså opnar 16. juni. I juli vert det folkemusikkonsertar, bakedagar og handverksdemonstrasjonar på Mølstertunet. Der vert det òg omvisingar kvar heile time, og i samlingsbygget er det butikk og kafé.

Illustrasjon: Skisse til ny basisutstilling

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact
Tel: +47 472 91 012 / +47 970 74 954
E-mail: rannveig@olebull.no
Office hours

Monday–Friday 9 AM–3 PM

Social media

Please follow us on Facebook and Instagram

X