– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Byr opp til Danseglede

Frå fredag 30.april kan du høyra songen Danseglede og læra deg Danseglededansen!

Danseglede er ei gåve til alle som treng litt ekstra glede i tidene me er i no, og ingenting gjer betre enn å dansa. Anten åleine, eller saman med kohorten din. Etter kvart så vonar me at grender, byer, skular, fotballag m.m. kan dansa Danseglede saman.

Folkemusikaren Lajla Renate Buer Storli fekk idéen til Danseglede i haust etter inspirasjon frå BlimE-dansen til NRK. Ho laga ein nydeleg tekst, og melodien laga ho saman med John Ole Morken. Så tok Lajla kontakt med hardingfela.no som gjerne ville vera med å spreie Danseglede.

No er Danseglede spelt inn med Lajla, John Ole, Kvarts, Kåre Opheim, Berit Opheim og elevar frå Voss kulturskule. Inga Myhr og Magni Rosvold har laga koreografi og øvingsvideoar til dansen. Me har allereie testa den ut, og den høver godt for både små og store.

Hardingfela.no inviterar alle til å dansa og til å laga og sende inn sine eigne Dansegledevideoar med frist 1.oktober! Det vert premére på ein stor Dansegledevideo under Osafestivalen 31.oktober.

Songen Danseglede finn du på alle strøymetenester for musikk f.o.m. 30. april. Øvingsvideoane finn du her f.o.m. 30.april.

Takk så langt til alle involverte, til Sparebanken Vest for sponsing og til FolkOrg for samarbeid!

Danseglede cover til single.
Foto: Ingerid Jordal
Cover art: Steinar Karlsen

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact
Tel: +47 472 91 012 / +47 970 74 954
E-mail: rannveig@olebull.no
Office hours

Monday–Friday 9 AM–3 PM

Social media

Please follow us on Facebook and Instagram

X