– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Auke i statsstøtta til museet

Hardanger og Voss museum får 12.930.000 kroner i statsstøtte neste år mot 11.195.000 i år.
I denne differansen ligg det, i tillegg til 800.000 til samarbeidsprosjektet hardingfela.no, 700.000 kroner i koronatilskot.

Dette er tilskot som går til offentleg finansierte institusjonar som fell utanfor dei andre stimuleringsordningane som er etablerte for kultursektoren i høve koronaepidemien.
Konstituert direktør i Hardanger og Voss museum, Åsmund Kristiansen, seier 700.000 kroner kjem godt med i eit år då eigeninntektene har svikta. Museet var stengt frå koronaepidemien braut ut og fram til 20. juni.
– Einaste verkemiddelet me hadde for å kutta utgifter i vår var å halda stengt og permittera.
19 personar var omfatta av permitteringar, men heldigvis i små prosentar og i kort tid. Dette gjorde at me kom oss gjennom koronaen, sjølv med nedgang i eigeninntektene, seier museumsdirektøren.

Foto ©Voss folkemuseum / Kjell Herheim:
Konst. direktør, Åsmund Kristiansen, på Mølstertunet i samband med vitjing av kulturminister Abid Raja tidlegare i år.

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Contact
Tel: +47 472 91 012 / +47 970 74 954
E-mail: rannveig@olebull.no
Office hours

Monday–Friday 9 AM–3 PM

Social media

Please follow us on Facebook and Instagram

X