Utlysing av Hordaland Fylkeskommune sine folkemusikk – og folkedansstipend

Stipenda til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans vert no utlyst for 4. gong med søknadsfrist 3.juni.

Rådet for hardingfela.no innstiller vinnarar som deretter vert handsama av politisk leiing i Hordaland Fylkeskommune. Stipenda vert delt ut under Osafestivalen på Voss siste helga i oktober. Her finn du søknadsskjema m.m.

Kven kan søkje

Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar og deg som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet. Søkjar må vere busett i Hordaland.

Kva kan støttast

I 2019 skal følgjande stipend delast ut:

  • Folkemusikkstipend – to stipend á kr 50.000
  • Folkemusikk Ung – to stipend á kr 25.000 til søkjarar under 30 år

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån. Stipenda er meint å gje høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll og utvikling.

Føremål med ordninga

Satsinga skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv.

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardingfela.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15
Contact
Tel: +47 472 91 012 / +47 970 74 954
E-mail: rannveig@olebull.no
Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about activities at hardingfela.no

Office hours
Mondag–Friday 9 AM–3 PM
X