Norsk English

Stifting kjøper ekslusive folkemusikkinstrument

Felemakarverkstaden på Voss

I Noreg finst sterke, ubrotne musikkinstrumenttradisjonar - og handverkarar som kan kunsten å lage langeleik og hardingfele. Saman med Dextra Musica skipar no Valdresmusea og Ole Bull Akademiet til ei 5-årig satsing med kjøp og utlån av 30 norske folkemusikkinstrument.

Målet med satsinga er at instrumenta skal koma i bruk og bidra til å høgde nivået på spel på hardingfele og langeleik i Noreg. Rekrutteringa til norsk folkemusikk har vore god i mange år, både i spelemannsmiljøa og ved høgskulane, og fleire vel folkemusikken som leveveg. Resultatet av satsinga ser vi i pågang på kappleikar og festivalar. Det store omfanget av plateproduksjonar fortel òg om ein vital og veksande sjanger. Med fart i profesjonaliseringa melder behovet seg for instrument i toppklassen.

Nye og gamle instrument
Eldre hardingfeler laga av dei store meistrane er gjerne attraktive for dei fremste musikarane. Men fleire av instrumenta er eigd av samlarar og er i mange tilfelle ikkje i bruk. Eit mål med den nye instrumentordninga er å sikre at fleire av dei beste hardingfelene kjem i bruk - til glede for publikum og for musikarane som får dei til låns.

I arbeidet med etableringa av ein nasjonal instrumentbank er det eit mål å sikre tilfanget av ny-bygde folkemusikkinstrument. Talet på hardingfele- og langeleikmakarar dei siste åra har vore svært lågt og per tid er det berre fem makarar att i Noreg. Ein nasjonal instrumentbank vil derfor spegle det samfunnsmessige ansvaret for vidareføring av eldre, norske handverkstradisjonar.

Kven skal bygge?
Nokre av instrumentmakarane sit åleine i eigne verkstader. Andre att er tilsette ved institusjonar som lenge har satsa på folkemusikk og produksjon av folkemusikkinstrument. Valdresmusea har sidan 1980-talet hatt eige verkstad for bygging og reperasjon av langeleik og hardingfele. Det same har Ole Bull Akademiet, som også driv undervising i folkemusikk. Begge institusjonane har solide posisjonar i folkemusikkmiljøet i Noreg. No er det desse institusjonane som skal koordinere produksjonen av folkemusikkinstrument i framtida.

Målgruppa for satsinga er instrumentmakarane - og dei fremste norske folkemusikarane. Og sjølv om det er musikarane som skal få spele på instrumenta, er det Dextra Musica som beheld eigarskapen. Lån av instrument skal skje på bakgrunn av søknad og prøvespeling, men resultat frå Landskappleiken og referansar frå læremeistrar og skuler vil òg vere avgjerande for eit lån.

For meir informasjon, kontakt rektor ved Ole Bull Akademiet, Jo Asgeir Lie, mobil 905 16 652 eller direktør ved Valdresmusea, Ole Aastad Bråten, mobil 907 63 635