Folkedanssalong

Inspirasjon, informasjon og nettverksbygging

Folkedanssalong er eit kveldsarrangement for informasjon, inspirasjon og nettverksbygging. Det vil vera ulike tema eller problemstillingar som vert drøfta frå gong til gong. Salongen vil vera eit samarbeid med eit lokalt lag eller eit lokalmiljø. Det vil vera ein post på programmet for kvelden, der dei som er med får mogleg for å presentera det dei driv med innan dansen og/ eller ynskjer ein har for tida framover. Det vil også bli lagt inn tid til å ‘mingle’ – med noko attåt – og sjølvsagt er det satt av litt tid til å dansa til slutt.

Det er særs nyttig å møta kvarandre ansikt til ansikt for å la seg inspirera og engasjera, sjå nye moglegheiter for samarbeid på tvers av lag og aktivitetar, knyte nye kontaktar – og sjølvsagt få dansa litt med desse.

Ta kontakt om du ynskjer ein Folkedanssalong nær deg!

Kontakt
Tlf: 472 91 012 / 970 74 954
E-post: rannveig@olebull.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardingfela.no
Kontortider
Måndag - fredag kl 09 - 15
X